English Flag

Deutsch Flagge

Brauta-Nelly som ung

Brauta-Nelly

I 1995 døydde Nelly Veiberg, den einaste etterkomaren etter folket på husmanns-plassen Severinbrauta.

Ho etterlét seg ein kulturhistorisk skatt som er eineståande i Noreg.

Nelly budde åleine på Severinbrauta med sin før-industrielle levemåte til inn i 1990-åra. Bygning og interiør, og særleg tekstilane, er kulturhistoriske skattar.

Det er som om tida har stått stille her. Samfunnet rundt endra seg dramatisk frå 1870 til 1995. På Severinbrauta får ein eit blikk inn i korleis det var før, kva som er blitt betre – og kva som er gått tapt.

Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta Frå Severinbrauta

Kulturmiljø

På Severinbrauta kan du sjå:

Gammal kiste

Tok vare på alt

Det er spesielt at Severinbrauta vart driven som sjølv- bergingsbruk heilt til slutten av 1980-åra. Kvinnene tok vare på alt, så historia frå etableringa i 1870-åra og fram til i dag er dokumentert gjennom kvardagsutstyr og andre gjenstandar, tekstilar, bilete og brev.

Av dette rikhaldige materialet kan vi lese tallause historier. Det kan vere historiene om: